i praksis

Barnehage i praksis > Kroppen i rommet

2,912 visninger

Beskrivelse

Vinteren og våren 2013 gjennomførte Kleppe friluftsbarnehage eit halvårig prosjekt om
romforståing i småbarnsavdelinga. Tidlegare hadde ikkje barnehagen hatt så mykje fokus på akkurat dette matematikkområdet, og det var eit felt personalet ønskte å utfordre seg sjølve på. Forskning har synt at romforståing er viktig både for å utvikle ei god tallforståing, for evna til problemløysing og for å forstå visuelle framstillingar.

Denne filmen viser fram hovudmomenta i prosjektet og gir eksempel på nokre av leikane og aktivitetane som blei gjennomførte i perioden. Filmen er eit samarbeid mellom Matematikksenteret og Snöball Film og er del av ein filmserie om matematikk blant dei yngste barna i barnehagen. Fagleg ansvarleg for filmserien er Gerd Bones ved Matematikksenteret.

Romforståing

Romforståing dreier seg om å forstå korleis rommet rundt oss er bygd opp og sett saman. Det betyr både å kjenne alle delane av rommet og objekta i rommet – ute og inne – men også det å kjenne heilskapen i rommet/ at barnet opplever å «eige rommet» slik at dei kan klare å orientere seg i det, finne tilbake til ein stad eller finne ein bestemt gjenstand.

Hovudmålet for prosjektet var «å gje barna konkrete erfaringar med orientering og plassering gjennom bruk av kroppen». Prosjektet starta med ein observasjonsperiode på 14 dagar der personalet observerte og noterte kva barna gjorde og likte i barnehagekvardagen som hadde med romforståing å gjere, kva dei opplevde som vanskeleg og lett å gjere. På denne måten blei perspektivet til barna og deira medverknad ein viktig faktor i planlegginga av prosjektet. Mellom anna blei det veldig tydeleg at 0-3 åringane beherska mange begrep kroppsleg før dei klarte å uttrykkje desse språkleg.

Observasjonsperioden saman med tidlegare erfaringar, drøftingar i personalet og tips frå faglitteratur og tidlegere kurs, la grunnlaget for ei rekke ulike leikar og planlagde aktivitetar knytt til romforståing utover vinteren og våren.

Erfaringane undervegs i prosjektet blei dokumentert i form av mellom anna små bøker med fotografi og tekst og store laminerte plakatar. Denne typen utforming gjer at barna også er i stand til å sjå og bruke dokumentasjonen, dei kan sjå på eit bilete og seie: «Sjå der er eg når eg klatrar høgt!».