i praksis

Kunst og kultur > Drama som uttrykksform og arbeidsmåte

108 visninger

Beskrivelse

Denne filmen syner korleis dramapedagogiske uttrykksformer og arbeidsmåtar vert teken i bruk i fagundervisning på trinn 8A på Danielsen Ungdomsskole. Ruth Mjanger, høgskulelektor i drama, fortel og viser korleis bruk av fiksjon kan etablera ein spennande læringsarena i klasserommet, der læraren er ein aktiv leiar og medspelar saman med elevane.

Filmen gjev ei kort innføring i nokre dramateknikkar i prosessdrama. Prosessdrama, eller dramaforløp som det også vert kalla, har ei fiktiv handling, ein fabel, og er satt saman av episodar der ulike dramateknikkar blir brukt for å belyse ulike synsvinklar i historia. Filmen forklarer desse dramapedagogiske teknikkane og dei vert eksemplifisert gjennom klipp frå fagundervisning i norsk, samfunnsfag og engelsk. Metodane kan overførast til alle fag i grunnskulen og gjev elevane og læraren metodar til å utforska og diskutera eit fagstoff og nye måtar å uttrykke dette på.

Den første delen av filmen skildrar korleis ein set i gang arbeidet med å etablera ei fiksjonsverd i klasserommet. Fiksjonsramma der handlinga skal skje, vert etablert gjennom bruk av nøkkelorda figur, stad, tid og fabel. Teknikkane som vert presentert i denne delen er pre-tekst, statueforming og kollektiv rolle.

Den andre delen skildrar korleis ein kan vidare utforska lærestoffet etter at fiksjonsramma er etablert. Gjennom bruk av kropp, stemme, følelsar og tanke undersøker og tolkar elevane karakterar og situasjonar i fiksjonsverda. Fiksjonskontrakten mellom elevane og læraren vert utdjupa. Elevar i kollektiv rolle vert synleggjort på ein ny måte gjennom bruk av lærar-i-rolle. Teknikkane som vert presentert i denne delen er tanketunnel, lærar-i-rolle (intervju og heit sete) og skriving i rolle. Intervju med elevar etter undervisninga får fram deira utbytte av undervisninga.

Slutten av filmen gjev innspel om vegen vidare til meir kunnskap om dramapedagogikk og oppmodar sjåaren til å prøva ut dramapedagogiske uttrykksformer og arbeidsmåtar saman med elevane.

I tekstheftet er det ein kortfatta oversikt over fagomgrep og dramateknikkane som vert presentert i denne filmen. Der finn du også dei tre undervisningsopplegga i norsk, samfunnsfag og engelsk. Under Ressusar, finn du nyttige nettsider og anbefalt litteratur.